tysdag 2. oktober 2012

Sykkeltur til Stangvik.

Søndag 30.september var det fint ver og ei god anledning til å finne på noko. Eg har lenge tenkt å gjennomføre ein rundtur med sykkel, Kvanne - Vang - skogsveg til Stangvik - Kvanne.
 Det starta med å pumpe opp sykkelhjula, og det var mykje som tyda på at syklane hadde stått lenge. Så fekk vi testa og fann ut at det så vidt var plass til syklane bak i Yaris'n. Strekninga Drøpping til Rykkjem vart gjennomført med bil.
 Vi sykla først litt mot Surnadal og opp mot Vang skistadion. Langs den historiske vegen til Stangvik var det sett opp skilt og benkar. Vi treng i alle fall ikkje gå langt frå vegen for å finne sitteplass. Kaffe og kransekake smakar godt.

 Med litt ettertanke fann vi ut at reisemåtane til Stangvik har vore ganske utradisjonelle i år. Sist vi var her reiste vi med seglbåt. Pinseturen hit er også omtala på bloggen.
Like forbi Stangvik kyrkje fann vi denne plassen. Vi har aldri lagt merke til at det er eit friarberg her når vi kjører med bil. Biletet er teke med tidsinnstilling så det finst ikkje vitner.
Sjølv om vi hadde med termos, fann vi også plass til kaffe med svale på ferga.

3 kommentarer:

Catharina, Eivind, Jona, Cecilie og Sondre sa...

Kjekk tur! Noe for Jona og bestemor neste sommer? ferge - svele - sykkel, har alt en god tur skal inneholde!
-c-

Marit sa...

Såg ut som en fin tur :o)

Marie sa...

Ein skal leite lenge etter noko meir romantisk enn sykkeltur :) Såg ut som de hadde funne ei fin rute òg!