Vi budde på Balik hotel like ved Kleopatrastranda, strand nr. 21. Her vart det mykje bading, men ikkje så mykje ligging.
Frå der vi budde kunne vi sjå mot den store borga ved byen. Vi var der på ein kveldstur.
Her ser vi mot vår strand.
Denne plassen vart også brukt til å gjennomføre dødsstraff på ein enkel måte ved dytting. Ikkje så rart at det stod advarselsplakat.
Her ser vi ned mot byen frå borga. "Alanya by night."
Frå hamna. Vi var på båtturar to dagar.
På båtturane var det også mange badepausar.
Frå den eine båtturen på ei elv kunne vi sjå skilpadder.
På elvekanten sat også lokale fiskarar som skulle få seg fisk til middag.
Her la vi til med båten. Middelahavet til venstre og elva til høgre. Dermed kunne vi også velge om vi ville bade i 25 eller 16 grader.
Her er vi på tyrkisk aften. Det var på eit slags slott med plass til omlag 500 personar og ei scene i midta. Opprinneleg var dette bygd som ein overnattingsplass langs silkevegen. Slike plassar var bygd ut frå at ein kamel kunne gå omlag 4 mil på ein dag.
Her er vi på besøk i den største moskeen ved Middelhavet (utan at eg kan forklare definisjonen)
Det vart mange besøk på restaurant i løpet av veka vi var der.
....men det var også tid til litt tull og tøys, her med radiobil.
Her er vi på ein litt annan type biltur. Jeep-safari.
På turen besøkte vi bl.a. ei grotte der vi kunne gå 300m innover i fjellet. Her var det mange formasjoner og tildels trolsk stemning.
Vi var også på besøk i ein landsby der vi såg at redskap som vi finn på museum i Norge, her er i bruk. Mjølet vart nok malt fint på denne kverna.
2 kommentarer:
Såg ut som ein bra høstferie:)
Ser ut som dykk rakk ganske mykje anna enn å bade!
Legg inn en kommentar