måndag 13. juni 2011

Harrytur til Vårsøghelg.

Eit av barna våre kalla dette for "Harry-tur" og det kan vere eit godt namn.  I alle fall så er både mat og feriturar forholdsvis miljøvennleg når dei er kortreist. Vi drog til Surnadal med campingvogn for å vere med på Vårsøg-helg.
 Vi slo oss til på Brekkøya camping like ved sentrum på Skei.  På Kleivakvleden hadde vi ikkje batteri, men etterkvart kom eg på at eg skulle fotografere og ta litt småfilmar.  På fredagen var vel Odd Nordstoga den mest kjente.  På laurdagen vart bl.a. forfattaren Bjarne Østbø hedra med omtale av Jan Erik Vold.
 Her er vi på operaforestilling på gamle Surna bedehus. Ho som står her song ikkje.
 I eit siderom fann vi eit bilete som vi har eit spesielt forhold til.
 Far og son. Knut og Audun Iversen. (Kone/mor er frå Surnadal.)
Mat måtte vi også ha, så da tok eg med meg drømmedama mi på kinesisk restaurant midt i den heilnorske kulturen.  Her er ho slik ho ser ut pr. juni 2011.

Etterpå kjørte vi til Todalen og var på ei framføring som Bernt Bøe hadde regien på.
 Øistein Sandbukt frå Sunndal framførte folkemusikk/felemusikk på gitar.
 Frå frokosten 1.pinsedag før vi kjørte til Stangvik kyrkje. Der var det som vanleg omtrent fullt hus på pinsegudstenesta. Etterpå var det middag på Bonhuset og ein form for teater i kyrkja.
 Ei litt spesiell utstilling på ein naustvegg i Stanvika.
Den som har ein del pengar å bla opp kan kjøpe denne "hytta" i Stangvika. 
Til slutt kjem ein liten filmsnutt som viser svært korte glim av ein del av det vi var med på.  Vi var på 10 svært ulike forestillingar frå fredag til søndag kveld.  Økonomisk fekk vi mykje for pengane sidan vi kjøpte "Vårsøgpass."  Det kan godt hende vi tek fleire "Harry-turar".

2 kommentarer:

Marie sa...

Herleg å vere turist på heimstaden :)

Marit sa...

Det er ikkje så dumt å være litt harry innimellom :o)