"Ingen skam å snu", "Slutt medan leiken er god" eller andre ordtak kan passe no. I kampen for utsikt har eg i alle fall gjeve meg i kast med ei veldig stor gran. (Viser elles til første innlegg i seien: 28/2-11)Så har eg da brukt ein del tid på å kappe denne grana - eller rettare sagt: prøve å kappe ho. No var det tid til å gje opp.
Sjølv om eg laga dette hakket inn i grana, for å setje motorsaga her, klarte eg ikkje å sage langt nok inn. Så spørs det da om nokon har fantasi til å lage noko moro ut av dette. Ser for meg at det kanskje kan bli eit klatretårn. For meir avansert klatring er det spor som kan brukast til å feste boltar i. Trur det er nok feste igjen i midten av treet.
Time will show.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar