tysdag 16. mars 2010

Skikkeleg vinter.

Til alle som høyrer og ser om ekstremveret i Sunndal og elles på Nordvestlandet så kan eg jo vise litt frå Drøppingstranda. Det var no i helga frå laurdag 13 til måndag 15.mars det snøa mest, men det har ikkje slutta enda.
Sidan eg har ei ivrig snømakkande kone så kan eg enda kjøre inn med bilen. Og om eg kjem med traktoren så blir ho enda meir ivrig, for ho meiner det skal vere konkurranse om slike oppdrag blant entrepenørane.
Denne haugen er det traktoren (sjå nedanfor) som har lagt opp. Det er så nær fjøset at den eine entreprenøren reknar det som utanfor sitt kompetanseområde.
Rekkverket på låvebrua er knust så det er ikkje heilt i samsvar med HMS-regelverket, men til gjengjeld er det heilt ufarleg å dette utfor kanten - Det blir nesten motbakke for å kome seg utom låvebrua.
Bilane skal stadig inn i løa. Dette hører med til dei konkurranseutsette anbudsområda.

5 kommentarer:

Cecilie sa...

- og nå går jeg ut for å ta siste økt i dag. Det er jo ikke lys på traktoren, så det blir 1-0 til meg.

sIngar sa...

konkuranseutsett snømåking? Hehe:) slikt varmar ein samfunnsøkonomi student! Fekk diverre ikkje med meg anbodsrunden når den gjekk.

Gunnveig sa...

Ahh, kjenner det er deilig med sol, og påskevær her i Drammen!!:)

Catharina, Eivind, Jona, Cecilie og Sondre sa...

gratulerer med 13000 dager, rakk ikkje å skrive før det kom nytt blogg innlegg.. -I bergen kan vi melde om regn, og skikkelig slaps oppå en god halv-meter med snø... Gode forhold for vogn...
-c-

Marit sa...

Trur nesten dere har meir snø enn oss for tida.- Her er det derimot ikkje så stor konkuranse for å få brøyteoppdraga :o)