For omlag 10 år sidan drømte eg om å få med meg drømmedama på fjelltur. I dag har drømmen forlengst gått i oppfyllelse. Varme tankar går til Robin som la opp treningsprogrammet. No klarer vi oss godt utan hund.
På september var det ekstremt vått, men seinare har det vore bra ver for fjellturar. Her kjem ein liten photo-story. Bileta er tekne på to ulike turar. På den siste til Vardhaugen var det veldig fint å gå fordi myrane var frosne, men likevel ikkje glatt. Til dei som tok skrekken av fotoserien vi hadde på juni så kan det seiast at denne er vesentleg kortare (ca 1 1/2 min).
7 kommentarer:
Syns du skal sende eit av dei siste bilda til mr@nrk.no. Dette fortener ein plass på Nordvestrevyen. Kanskje det siste er best...
Takk for hyggeleg kommentar frå ein erfaren fotograf. Tipset er utført. Æren går i tilfelle til fotograf Cecilie.
..men musikk valget holder stand!
-glemt skje? -c-
Sprekingar :)
Det er alltid litt utfordring for fantasien når eg gløymer ting.
Elles blir det vel noko musikk som eg finn - og ofte finn eg vel det same - denne er i alle fall lovleg lasta ned.
"mamma, kan vi skru på datamaskinen og se att bestemor går på fjelltur?"
jona
Det var ein kommentar som får oss heilt til å smelte.
Legg inn en kommentar