onsdag 12. august 2009

Minne frå Kroatia.

Her kjem det eit lite tilbakeblikk på den hyggelege turen til Kroatia.



Båten vi var på hadde plass til omlag 40 passajerar. Båten var heilt ny og derfor var det også air-condition. Det var kjekt.
Ein stor fordel med liten båt er at det er anledning til å bade frå båten, og sidan vi låg i hamn om natta kunne vi gå ute og spasere så lenge vi ville.



Det var mange besøk på små og store spiseplassar. Men etter ei veka langta eg veldig etter ekte norsk kaffe. Dette og neste bilete er frå Kocovar, som vart vår favortiiby.









Ein kveld fekk Cecilie også sine etterlengta pannekaker med div. smurt oppå.






I Split besøkte vi slottet til Diokletsian. Han var romesrsk keisar fram til 305 e.Kr. Han var frå denne byen. I 40 år bygde han på palasset som han skulle ha da han vart pensjonist. Han var visst den einaste keisaren som planla sitt liv som pensjonist.





Her har vi eit badekar i palasset.







Gamle murar i palasset i lag med moderne bygningar. Diokletsian skulle i alle fall ha nok plass i huset sitt. Noko av palasset var restaurert og var museum. Noko var handlegate, og det var også ein del boligar som var bygd inne i det gamle palasset.
Her kjem nokre videoglimt frå turen. Cecilie lærte bl.a. å svømme på ryggen, sjølv om ho vart våt både i ørene og håret. ( I ettertid ser vi at jazzkonserten var i Hvar og ikkje i Split slik det står på filmen) Filmen er på berre 1 min.

3 kommentarer:

Nils Ingar sa...

ser ut til at de rakk veldig mykje på bryllupsreisa gitt:)

John Gudmund sa...

såg veldi kjekt ut:) når man sitt på bibliotek for å bruke internett må man nok ta til takke med video uten lyd, men svømminga såg imponerende ut! FLINK MAMMA:)

Catharina, Eivind, Jona, Cecilie og Sondre sa...

mykje kjekt ser det ut til, gleder meg til vi også får tatt oss en bryllupsreise!