søndag 10. mai 2009

Foto-eksperiment.

Eg var så heldig at eg fekk lov til å kjøpe meg eit nytt kamera til bursdagen. Ikkje verst i min alder. Det eit Finepix S8000fd. Det er nok ikkje i toppklasse, men inneheld ganske mykje - trur det kan vere passe for meg. Speilrefleks, men ikkje utsktiftbart objektiv. Her kjem det litt eksperiment.

Her kjem eit forsøk på å fotografere ein blomst på ein av Cecilie sine løpararar. Teke med super makro. Diameter på omlag 2 cm.
Dette er ved Dovregubbens Hall. Bruer i 3 generasjonar.
Moskus fotografert ved Kongsvoll. Han låg i andre dalsida i forhold til vegen. Fanga inn med 18Xoptisk zoom + klipt litt i biletet.
Kameraet kan også brukast til video. Sidan det er så mange andre som har baby for tida: Her kjem babyen som eg fekk på bursdagen for nokre år sidan. (Videoen er redigert ned før han vart lagt ut.)

1 kommentar:

Gunnveig sa...

Gratulerer med nytt kamera! Ang filmen: Den mest spennende og interessante filmen e har sett på veldig lang tid!!