laurdag 31. januar 2009

Så vi knapt kan anda .......

Det har gått ei stund utan blogging, men den som følgjer med på andre bloggar som vi har link til ser at det skjer mykje i vår lille (stadig større) familie.
Måndag 12.januar hadde Marie og Nils Ingar eit hemmeleg byllup. Via diverse elektroniske media vart det kjent i løpet av dagen. Og så gifte seg på ein måndag da.......- det er det ikkje mange som gjer.
Men vi som visste om det fekk ein hyggeleg kveld.

Brura på deling blant dei som hadde møtt opp.

Samarbeid ved kakebordet. Kaka hadde ordentleg marsipan...



Men familien veks ikkje berre med ny svigerdotter. Her strøymer det på med banebarn. I begynnelsen av desember var alle våre døtre gravide. 8. desember fekk Marit og Håvard sin Eiliv. Han har vi fått besøkt og kosa oss med 2 gonger.



14.januar fann Eldbjørg Sofie endeleg ut at det var på tide å seie hallo til Gunnveig og Simon. Henne fekk vi beundra forrige helg.
Elles kan vi vise til meir stoff på dei aktuelle bloggane om dei tre store hendingane som her er berørt. For oss blir det så mykje at vi kanpt kan anda...........


Men det er ikkje berre vekst og framgang i familien. Dette er det siste biletet vi har av Robin. Han vart ein gamal mann med mange plager, så vi fann det best at dyrlegen avslutta livet hans medan halen framleis vifta relativt opptimistisk. Vi har faktisk hatt han i nesten 8 år. Så spørs det om eg klarer å gå inn i rollen som turkamerat......?

2 kommentarer:

Anonym sa...

Veldig trist å høre at Robin ikke lever lenger. Det var en morsom hund =)

Anonym sa...

kjekt med oppdateringar sjøl om vi har sett nyhetene på andre blogger!!
-c-