søndag 4. mai 2008

Testar med animasjon

Eg skal prøve litt arbeid med animasjon på skulen, så derfor har eg leika meg litt.  Delvis kan dette betraktast som ei oppskrift.  Animasjonane er laga på Mac med programmet Istopmotioon.  Etterpå har eg lagt på kommentar i IMovie.  Den som ventar spennande film teng ikkje å kaste bort tid på å trykkje på dette.  Kun å betrakte som eit eksperiment.  Den første er teke opp med videokamera der bileta blir klikka av med Mac´en.  For å spare arbeid har eg bruka 3 foto pr. trykk. 10 bilete pr. sek.


Her kjem ein lengre variant utan at det er gjort fleire foto-opptak. 

På den neste filmen har eg jobba på ein anna måte. Her har eg teke foto med eit vanleg kamera og lagt det inn etterpå.

Her måtte eg teste litt. Korleis skulle eg få fleire bilete utan å ta nye.  Løsinga vart eksport med Picasa.  4 eks av same bilete får da namn som 462, 462-1, 463-2,462-3.  Med vanleg kopiering blir det berre å kopiere det eine biletet i staden for det som er der frå før.

2 kommentarer:

arnedro sa...

Viss nokon vil sjekke korleis det gjekk med animasjonsprosjektet, kan de bruke linken til Ålvundfjord skule på denne sida.

John Gudmund sa...

arti at e å pappa kan kose oss me d samme:)