Så er det tid for litt julerydding. Ein liten sjekk på kjølerommet før "mattilsynet" rykker inn. Kan bekrefte at 2006 var ein utmerka årgang for Tines vaniljesaus.
Elles er det litt rørande å sjå mamma som reparerer den raude fjøsgenseren min.(Overraska ho og tok ho på fersken)
Og så måtte eg mimre litt over snekkarboden. Eg hadde ein gong ei snekkarbod. ( Ikkje berre Emil som hadde det.) Der hadde eg faktisk litt system og ei hylle med plass til verktøy. Så kom det ein snekkar og hadde store vyer om korleis det kunne bli. Han reiv ned hyllene, og snipp snapp snute så var eventyret ute...........
4 kommentarer:
Nils Ingar står her med halvfrekke kommentarar; "system og system..."
Sie me enig me marie/nils ingar!!!
skriv heller: eg hadde ein gang ein snekkerbod(1990) der eg hadde store planer om korleis det kunne bli med litt system og ei hylle med plass til verktøy. så kom ein snekkar og hadde like stor vyer om korleis det kunne bli, men desverre var han sønn til faren sin.
Fole gla i eventyr for tia du? :)
Ja, her florerer det med evenyr i ulike versjonar. Den eine kan vel innehalde like lita sanning som den andre, men slutten pr. no er slik som biletet viser.
Legg inn en kommentar