søndag 25. november 2007

Ei lita brillehistorie.


På fredag var eg på skogstur med elevane på 5. 6. og 7.trinn. Vi skulle plukke kongler til jule-verkstaden. Det klarte vi sjølv om det var snø, men vi hadde også tid til å bygge hytte og renne i snøen. Eg var også med på å renne nedover ei bratt skråning på magen.
............... Men så er kanskje ikkje det så lurt for ein eldre herre med briller og senilsnor under jakken.
Har eg lært noko av det? Eg håpar i grunnen ikkje det. Økonomisk er det ingen katastrofe med "Nille- briller." Kanskje eg heller skal håpe at barnebarna klarer å lure meg til å ødelegge mange briller i framtida. Leik er no ein viktig del av livet da ---- sjølv for gamle menn.

3 kommentarer:

Nils Ingar sa...

godt tiltak, bestefar i full fart ned bakken er alltid topp underholning:)

Marie sa...

Spessielt om brillene sviktar ;)

Ieah sa...

STÅ PÅ!! :D