fredag 12. oktober 2007

Norge i eit nøtteskal.

Vi valgte å bruke litt av haustferien til å vere ekte turistar i eige land. Turen starta på Oppdal med å parkere Robin hos Marit. Nattog til Oslo foregjekk i sittande stilling. Under frukosten i Oslo fekk vi hyggeleg besøk av Gunnveig og Simon. Så starta turen som heiter "Norge i eit nøtteskal". Vi reiste med det vanlege toget mot Bergen til Myrdal. Vi fekk personleg guiding av ein pensjonert lock-førar som sat ilag med oss. På Myrdal gjekk vi over på den kjente Flåmsbana ned til Flåm. Banen er veldig bratt og går bl.a i ein stor u-sving inne i fjellet.

Her er det administrerande direktør for turen som held styr på billett-heftet. Vi er på veg ned mot Flåm.

Ein flott foss på Flåmsbana. Vidare gjekk turen med båt frå Flåm til Gudvangen, buss til Voss og tog frå Voss til Bergen. Vi var dei einaste på turen som snakka norsk. Elles var det mange turistar frå Japan.
Så kom vi til Bergen der vi bl.a. var på besøk i ein symaskin/ stoff-butikk der eg fekk lov til å dra kredittkortet før vi gjekk ut.
Etterpå fekk eg anledning til å bade Jona med masse spruting.

8 kommentarer:

Anonym sa...

Hei Arne og Cecilie!
Fine bilder!hvordan var reisen Cecilie? ser at dere er i Bergen nå og koser seg med Jona, han er blitt stor!!masse hilsener til alle
fra Drammen

arnedro sa...

Du var jammen rask Lula. Trur du kommenterte før eg la til tekst. Vi har det flott i Bergen. Til og med flott ver.

Anonym sa...

Kjekt å sjå dere i Oslo, før jobb. Såg ut som ein bra tur!! No har jo e og Simon sett mye utenfor Norge, så neste sommer blir det Norgesferie!

Nils Ingar sa...

Såg jo riktig trivelig ut dette:)
Av og til tenker eg "kvifor gjorde ikkje mamma og pappa slikt før?" men så kjem eg på at det var jo kanskje på grunn av bland anna meg det...

velvel, livet er i stadig endring.
...2mnd og 2 veker igjen til min neste endring no...

Anonym sa...

"You got it !!!!"

Ieah sa...

Ser kjekt ut me tur! Men ka va høgdeponkte? Drage korte i sybutikk, eller bade jona?

Ieah sa...
Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.
arnedro sa...

Eg har prøvd å gje eit munnleg svar til IEAH, men slike svar er det vanskelg å gje slik i det offentlege rom.