torsdag 21. juni 2007

Det gode liv.



Det er enkelte dagar som viser at vi bur i ferieparadiset. Det er ikkje ein plass vi må reise til. Denne dagen startar med hyggeleg frokost på verandaen. Katta som er stengt ute prøver å bli med via vinduet på soverommet.

Så fortset dagen med fjelltur og suppekoking.


For samanhengen si skuld kan vi vise dette biletet for her ser vi over mot arboretet og turen som vi skreiv om på bloggen tidlegare i juni.

Langryggen med Storsteinen. Catharina fann visst ut at han ikkje var så stor lenger. Før var han minst dobbelt så høg som ho.











Vardhaugen med utsikt utover Ålvundfjorden og Stangvikfjorden. Nedanfor er det utsikt mot Strengen. Kan også fortelle at vi var her på skuletur. Eg har lagt ut bilete frå den turen på heimesida til Ålvundfjord skule. (link her på bloggen)









Dagen vart avslutta med eit bad i fjorden. Kan røpe at vi gjorde noko så uvanleg som å kjøre bil ned på Flæsa. Men bada gjorde vi i alle fall. Solnedgangen, utsikten, vatnet, kona og det heile var heilt vidunderleg.

7 kommentarer:

Marit og Håvard sa...

Det såg skikkeleg deilig ut. Lengter etter å komme over tregrensa eg og. Håvard lover meg fjelltur i Malm, men det blir nok ikkje heilt det same...

arnedro sa...

Det var den raskaste kommantaren eg har opplevd. Var ikkje ferdig med å redigere ein gong.

Anonym sa...

-det bordet på verandaen, er det eit klapp-bord??? vi leiter nemlig veldig etter det.. trenger eit på innsiden av vår franske altan..
-gleder oss til besøk av bestemor!
Catharina

Anonym sa...

Klapp-bordet er kjøpt på felleskjøpet på Sunndalsøra. -og bestemor gleder seg veldig til å reise på besøk!!!!

Simon sa...

Forresten den bilen dere kj0rte ned til Flaesa med, er det en bra bil? Vi trenger faktiske enn saann naar vi kommer tilbake...

Virker som dere koste dere! Her p0ser det ned, men snart drar vi ogsaa over tregrensa, naermere bestemt 3000 meter over havet og da blir det telemark!!!

John Gudmund sa...

hehe..veldi kosli gamelt par:)
ute på tur å sprek, men oppdage plutseli at dem e litt gamel likevel så dem ikkje orke å gå ned på flæsa..men bade ska dem:) tøffinga!!! :P
stolt av dåkk e e! å veldi søt e dåkk nå:)

Anonym sa...

Bilen vi kjørte på Flæsa med var den gamle Toyotaen som andre har kassert for lenge sidan.