søndag 25. februar 2007

Sjøis på Todalsfjorden



På Todalsfjorden har sjøisen ligge ganske lenge denne vinteren. I Ålvundfjorden forsvann isen p.g.a. sterk vind for nokre dagar sidan, men her ligg isen dei fleste plassane. Søndag 25.febr var det isfiske midtfjords og vi kunne prøve skeisene. Isen dreiv litt ut frå land så det var godt med god fart på sparken da vi skulle i land igjen. Fotografen med hund kom ikkje utpå.

7 kommentarer:

Nils Ingar sa...

Fotografen stod klar til å fotografere i tilfelle du datt gjennom skjønar eg... Men det ser jo artig ut, trur aldri eg har vore heime når det har vore gangbar is på fjorden. og ikkje i år heller...

arnedro sa...

Eg veit ikkje kva fotografen tenkte, men det høres sannsynlig ut.

Anonym sa...

Det var stående ordre.....

Simon sa...

HOres kjekt ut! E kan heller ikkje huske aa ha vore heime naar det har vaert is paa fjorden...

Anonym sa...

eg kan huske det! -da kom d to seler å la seg oppå isen. dei blei skutt.. triste greier..

catharina

arnedro sa...

Det med selane kan ikkje eg hugse. Kjem du i hau kvar det var?

Anonym sa...

nei.. isen låg innerst i fjorden, og slutta mellom innergarden og oppistua eit sted. så ingen is på flæsa. selene lå der isen slutta. dei var to, og lå der noen dager. men så var d altså bare ein stor blodpøl igjen. -var ute på isen, men lurer på om vi var ute heilt inne ved rakaneset for å være sikker på at den var trygg. men slike detaljer er nokså usikre i mitt hode.
Catharina