søndag 6. mai 2012

Om å slå kona mi på hennes banehalvdel.

Ja, da vi kan konkurrere om både det eine og det andre. Nei, vi konkurrerte ikkje om å kome først til Kammen i dag.  Men ho utfordra meg til å gå på Kammen utan termos, og det klarte eg. Til gjengjeld fekk eg lage ei kanne straks vi kom heim.
Men denne gongen skal eg slå ho, på hennes banehalvdel.  Ho pleier jo å sy om våre turar og så blogge om det ho har sydd etterpå.  No har ho sydd ferdig ein løpar med fiskemotiv. I haust da vi var i Allanya i Tyrkia budde vi på Balik hotell.  Det gjekk under "hotellet med fiskane."
Ovanfor ser du fiskane på løparen og nedanfor ser du fiskane på hotell-veggen. Og om ei stund kjem nok også temaet opp på "lappe-bloggen". Men eg vart først så..................       Arne

tysdag 1. mai 2012

Fint flagg mot flotte fjell ved Todalsfjorden.

Flagget vårt er rett og slett flott, og står som symbol for eit godt land.
 Inntrykket blir ikkje noko dårlegare når vi ser det mot dei flotte Todalsfjella.
 Eg vaks opp ved denne fjorden og vart vandt til at naturen ganske enkelt var slik. Det var Cecilie som hjalp meg til å sjå at det er fint her.

søndag 29. april 2012

Blogginnlegg utan barnebarn.

Dette handlar altså ikkje om barnebarn, men litt av det linsa kan fange inn på ein spasertur til Kammen. + litt video av lam til slutt.
 Her har Dagmar vist sine krefter.
Sopp høyrer med blant nedbrytarane i naturen, men kan vere vakker for det.
Å rotne kan også sjå fint ut.
Ulike varantar av lav.

Den som har mista balansen i stormen kan støtte seg på den som ikkje har falt.
Meir flott lav.

Gamalt tre, eller porten inn til .................

Tre som gjeve opp til ulike tider.
Til slutt kjem det eit bilete av eit spesielt lam med skeiv nakke. Måtte mate det i 4-5 dagar, men da klarte det seg sjølv.  Eg har lasta opp 2 lam-videoar på Yoy-Tube.
Mini-lam frå You-Tube:
Merkeleg lam frå YouTube:

eller rett til You-tube og sjå dei der.
  http://www.youtube.com/watch?v=ZAYT1KRpcK0&list=UU69NzZWacrLJC0aXU4SQV_w&index=2&feature=plpp_video

fredag 20. april 2012

Påske med snø, fjøs og cupcakes.

 Det vart ei snørik påske med mykje fersk snø å renne i, men i djupaste laget.
 Eivind sørga for at det vart eksperimentert  ein del med cupcakes. Fargene varierte, men smaken var alltid god.

 Grilling hører med. Når det foregår omlag 8m frå vedbua blir det forholdsvis kort vedbæring.
 Når vi grev oss ned til kanten av sandkassen blir det også ein benk.
Omsorgsfull kusine.

 Bestefar fekk med seg flinke fjøs-assistentar.
 ...... ein smaksprøve høyrer med.
 Vent til maten er servert!

 Bestemor les bok for Cecilie og Jona, og lærer opp Sondre på symaskina.

 Det vart mykje ver for inneaktivtet.
......men vi måtte likevel ut for å leite etter påskeegg og framgangsmåten ver ny.

fredag 9. mars 2012

Arnes catering.

Eg må vel starte med å seie at eg er verken spesielt "handy" eller kompetent kokk. Men når Cecilie både er flink til å sy, og skryte av det på nettet etterpå,  så får vel eg prøve på det siste.
Utgangspunktet var at eg har kome med i dåpopplæringsutvalget. I går skulle vi lage det litt hyggeleg  for dei ungdomane som kom til Ålvundeid kyrkje på utdeling av NT. Jan Fredrik hadde eit bra opplegg med klatring opp i det mørke tårnet, og dei lærte å bruke det nye testamentet.  Men så skulle dei ha pizza. Eg visste jo at kjøleboksen hadde ein knapp for varme. Viss eg da berre kunne få til litt etasjar i boksen så skulle dette gå bra.  Onsdagskvelden sette eg så "handy-man-ideeen" ut i livet.
 
Og når eg da akkurat har kjøpt meg ein høveleg bil til denslags, så ..............
Og viss nokon vil stjele ideen så "vær så god", og viss nokon vil betale for ideen så skal dei få kontonummer.

måndag 5. mars 2012

Dåpshelg i Bergen

 Aldri for seint å lære seg å samarbeide, men vi såg snart at vi ikkje var utlærte enda.
 Picniq i Fantoft-skogen.
 Her var det også skattejakt. Skattekartet vart studert godt før vi begynte å gå.

 Eiliv og Marit testar ein kubbstol i skogen.
Kongen på haugen.
 ......eller einsam majestet i skogen.(Anna)
.......Men skatten ville fleire vere med på å utforske.

 Leikeonkel John Gudmund fekk attesten "Bedre enn sjokolade".
 Onkel John Gudmund og Sebastian.
 Anna har fått seg nytt koseteppe.
 Dokka har fått på seg dåpskjolen. Her i lag med Cecilie, Jona, Eldbjørg og Mathilde.
 Cecilie gløymer heller ikkje kua si.
 Jona med dåpsvatnet.
Sondre er døpt i Fridalen kirke. Og familien sette ein del preg på gudstenesta.
Sjå småglimt i videoen nedanfor.

 Dåpsselskap i Birkelundsbakken.
 Frå barnebordet.
Lyset for Sondre er tent.