fredag 8. juli 2011

Tur til GF i Kristiansand.

I overgangen juni juli var vi på Generalforsamling for Misjonsselskapet i Kristiansand. Der var det mykje til å bli inspirert av. Ikkje så verst med 1,2mill i kollekt heller. Men bileta er frå det meir perifere i GF-samanheng.
Her er vi på båttrur ut til Randøya, ei av "perlene på Sørlandskysten." 

 Vi hører og ser på programmet litt "tilbaketrukket."
 Konsert i Ravnedalen ved Baneheia.

 Marie, Nils Ingar og Anna var også på GF.  Nils Ingar er nestledar i NMSU så det var naturleg at dei var her, sjølv om vi meldte oss på først.  Vi budde i campingvogn og ungdommane kom til frukost kvar dag.
Når det er vanskeleg å bli enig med meg sjølv om kva bilete eg skal velge å ta med, så er i grunnen kollasj ein god ting.
 På tur sørover var vi innom Søndeled. Her kunne Cecilie mimre, men ingen var heime. (Vi møtte sjølvfolket seinare)
 Men på Eriksborg var Even heime, og vi fekk til og med servert lefser som han hadde laga sjølv.

 Vi hadde stopp i Drammen både før og etter GF. Eldbjørg fann godt tonen i lag med bestemor.

Anna øver seg på å stå.
Her kjem ein liten filmsnutt som viser at Eldbjørg tykte det var kjekt å besøke oss i campingvogna:
Denne filmsnutten viser at sykkel kan brukast til så mangt.

Ingen kommentarer: